Velkommen til Lars og Berit, til vår familie, garden og ysteriet på Bernes i Fotlandsvåg. Her driv me med bevaringsverdig sau av rasen gammalnorsk spælsau og norsk mjølkegeit. Me kokar ekte geitost og lagar spekemat etter oppskrifter som har vore i bruk i familien i meir enn hundre år.

Her har me gardsutsal der vi også sel skinn, garn, ull, ved og sesongvarer frå eigen hage og frå naturen. Me kan ta imot gjester for omvisning i ysteri, fjøs på garden og på stølen i fjellet i Tyssebotn. Eller de kan bli med oss på en kjekk tur i kulturlandskapet ved fjorden eller i marka

KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVTALE:
Osterøy Ysteri, Indre Bernes, Bernesvika 65, 5283 Fotlandsvåg.
Værtskap Lars Tyssebotn og Berit Ophus.
Ring oss på tlf. 95779801/90530939 eller send ein mail til: lar-ty@online.no