Tøsse Mølle har ei lang historie. Den vart bygd i 1866 og har vore i familien alle desse åra. Mølla begynte med å produsere havregryn i 1906 under navnet «Bjørn havregryn». Til mølla var eit eige kraftverk med stort nedslagsfelt frå fjella rundt. Dette vart bygd i 1920. Mølla har klart seg gjennom to verdskrigar med å utvikle nye produkt for å overleve. Heilt fram til seinare tider var Tøsse Mølle ein viktig arbeidsplass for folk i bygdene rundt Osterfjorden.

Eigaren kan tilby omvisning i mølla med tørking av havre på gamlemåten (tørkehelle) og maling på stein som ein gjorde i gamle dagar. Deretter ein presentasjon på stor TV-skjerm med ein del gamle bilde og forteljing av mølle/familiehistoria. Vi kan ta mellom 35 og 40 deltakarar. Gjestane kan kjøpe havregryn dersom det er ynskjeleg.

KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVTALE:
Osterøyvegen 3333, 5284 Tyssebotnen – Morten Svensson
Ring Morten på tlf. 56191025/91101909 eller send ein mail til: morten.svensson@mollehuset.no