Det heile starta med den fyrste strikkemaskina som vart kjøpt inn i 1927 og plassert i kjellaren på heimegarden oppi «fjellet» av Ola Tveiten, tømrar og småbonde. Familien til Ola lærte seg kunsten å produsera undertøy til dame, så til born og herre, og ekspanderte inn i fyrste fabrikklokalet, oppført på garden. I dag har bedrifta skifta namn til Norlender Knitwear, har for lengst flytta frå fjellgarden til moderne fabrikklokale ved fjorden i Hosanger og produserer fine strikkeplagg og tilbehør til store og små.

Lyst å vitja oss? Me kan tilby:

  • Omvisning i bedrifta.
  • Gje dykk innsyn i korleis eit strikkeplagg blir til, frå garn til ferdig plagg.
  • Historia om bedrifta, anekdotar og korleis det heile går føre seg i dag.
  • Vitja fabrikkutsalget, Norlenderloftet.

OPE BUTIKK MÅNDAG TIL FREDAG FRÅ 09.00 til 16.00, (ELLER VED AVTALE)

KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVTALE:
Norlender Knitwear AS , Osterøyvegen 2184, 5282 Lonevåg
Ring oss 56192000/41103368 eller send ein mail. sales@norlender.no